Ei tapt tid, ein tapt eksistens, eit liv kopla til død eller fråvær. Og gjennom setningane og minna i heile boka: Havets rørsler i ei plastisk mjuk rytmisk veksling.
Du finst i bølgjene er ein poetisk lesetrip, uthaldande og fokusert. Og både på korte og lange distansar musikalsk levande og vakker i tone og språkføring. På eit vis er boka som eit musikkverk i ord, ikkje i tonar – inndelt i fire lange «satsar». Fleire av dei mindre einskildtekstene står seg godt åleine, men det er i det lange draget gjennom kvar einskild bolk/sats at boka står fram. Ikkje minst er opningsbolken lysande vakker, klar, medrivande og overtydande.
“Debutantdikt med slåande beat […] Diktdebutanten Jon Olav Sørhaugs slyngande diktsveip og lause ordremser er tidvis suggererande lesnad. Særleg beaten som strøymer gjennom dikta og høgg tak i ein umiddelbart, bidreg til dette […] ein lovande debut.”
Sindre Ekrheim, Bergens Tidende”Skriver godt og overbevisende om ensomhet, savn og lengsler”Mariann Enge, Aftenposten
“En ærlig, lavmælt og godt gjennomført debutsamling, med en evig aktuell tematikk.”
Arne Hugo Stølan, VG
“Fine ditk fra debutant som har komponert en helstøpt samling der savn og lengsel står som samlende tema”
Fartein Horgar, Adresseavisen