Sissel Horndal kjem med si andre biletbok, Eg er ikkje trøtt. Silje høyrer nifse lydar under senga når ho har lagt seg om kvelden. Mamma og pappa påstår at det finst ingen farlege dyr der, men så ein dag får Silje ei spesiell lommelykt av bestemor. Og når ho lyser under senga med den, får ho sjå noko heilt utruleg!
Spennande og festleg historie, illustrert med fantasi og humør – av Horndal sjølv.