Det ligg ei framand kvinne i mors seng. Ho ligg der med den blå, mjuke dyna halvvegs over seg. Eg kan sjå dei kvite og faste brysta hennar. Andletet er drøymande, munnen halvopen, venstre hand ligg slapt over mors rygg. I handa ei kvit truse.
“Det er poetisk, innsiktsfullt og vakkert gjort. Eg kom for å elske er eit imponerande stykke arbeid av ein debutant fødd 1980.”
Marta Norheim, Boktilsynet, NRK.”Ein av Tjønn sine store styrkar er det enkle, ujåletespråket. Han skriv seg inn i ein naivistiskforteljarstil som kan minne om andre unge forfattarar,
som Mirjam Kristensen og Erlend Loe…Det er noko ved dei korte situasjonsskildringane som etterlet sterke bilete i sinnet – så enkle og presise at det like gjerne kunne vore episodar frå eigen barndom… Som lesar kan ein kjenne igjen barnets måte å
observere på – ein sårbar, open tilstand, utan
distanse eller analyse… Til tider er språket grøssande nydelig .. ei spennande ny stemme i det litterære
landskapet.”Firda
Det som imponerer mest med denne debuten er det vakre språket og dei nyskapande bileta. … Tjønn unngår på glimrande vis alle klisjear og alt kjenslevart kliss Eg kom for å elske vert aldri sentimental, berre sterk og fin.”
Forfatterne.net