Ingvar Nistad (f. 1945) er frå Fjaler. Han bur no i Strandvik i Fusa. Han er keramikar, og arbeider som kunstfaglærar i vidaregåande skule.
Nistad debuterer med diktsamlinga Eg les denne steinen.
Nistad har publisert enkeltdikt i mange år, og i det legendariske tidsskriftet “Basar” fekk han i 1981 denne skarpe observasjonen på trykk:
elvis og sivle
elvis og sivle
har det til felles
at snur me namna deira
bak fram
og
berre ein hund
naturlegvis
eller
nothin but a hound dog