Kor mange gongar har vi ikkje høyrt tale om at vi bør bruke «sunt bondevett»? Men kva er det eigentleg?
I denne morosame og nyttige boka følgjer vi Ryfylke-humoristane Torolf Nordbø og Leif Arild Steen i deira jakt på den praktiske klokskapen som ein kallar sunt bondevett. Finst det eit usunt bondevett? Og kan folk som i utgangspunktet ikkje har sunt bondevett, lære å bruke det?
Saman med handplukka menn og kvinner .viser forfattarane kjeldene og ingrediensane til det sunne bondevettet. Dette er ei bok full av humor og med glimt i auga. Du kan ikkje lære sunt bondevett på skulen. Men du kan kjøpe denne boka!