Klassisk forviklingshistorie med alvorlege undertonar
«Vi kan byte namn,» seier eg til Amanda.
«Du kan vere meg, og eg kan vere deg,» forklarer eg. «Så blir eg jente, og du blir gut.»
På toget på veg til besteforeldra overtaler Amund tvillingsøstera Amanda til å bli med på eit lite eksperiment. Dei skal byte identitet, og late som dei er kvarandre.
Spøken skal berre vare ein kveld, men så får dei uventa besøk. Då blir det vanskeleg å byte tilbake …
Eksperimentet er ei spennande forteljing om eit tema som opptek dei fleste barn: draumen om å vere motsett kjønn.