Rett under fjellet ligg det eit tomt hus, som plutseleg ikkje er tomt lenger. Nokon har flytta inn, men vil ikkje bli sett. Er det dei rømte asylbarna, eller kanskje den farlege fangen som har slått seg til der? Og kva i all verda gjer ein når ein oppdagar noko som er hemmeleg?
Flukt er ei lettlesen og spennande bok om å våge å gjere skumle og kanskje ulovelege ting. Les og få hjarteklapp.