Så lenge CHERUB har eksistert, har dei sørgt for å få mange kriminelle i fengsel. No, for første gong, må dei prøve å få ein ut …
I USA kan barn som blir dømde for alvorlege brotsverk bli sette i fengsel på same måte som vaksne. 280 av desse barneforbrytarane held til i det solsvidde fengselet Arizona Max.
I ein av dei dristigaste CHERUB-aksjonane nokosinne må James gå undercover innanfor fengselsmurane, og bli venn med ein av dei innsette for å få hjelp til å rømme.
Flukta er bok 3 i den populære CHERUB-serien.
Les også:
Rekrutten, Kokainkongen, Drapet, Heilag galskap, Mennesket og dyret, Slått ut, Gjengkrigen, Søvngjengaren og Generalen.
Omsett av Øystein Rosse
Robert Muchamore (f. 1972) arbeidde i mange år som privatetterforskar, men spenningsbøkene hans blei så populære at han slutta som etterforskar. Bøkene hans er no utgitt på over tjue språk.