I 2005 gav Samlaget ut Bruer av svoltne ord av den færøyske forfattaren og poeten Jóanes Nielsen. Lars Moa viser her igjen at han er ein god gjendiktar. Utvalet er frå dei fem første diktsamlingane til Nielsen og viser mykje av variasjonen i diktinga hans. Nielsen skriv politiske programdikt som han gjer så jord- og livsnære som mogleg.
“Lars Moa har gjort eit viktig arbeid med desse gjendiktingane”Oddmund Hagen, Dag og Tid
“Gjendiktaren Lars Moa skal ha all ære for å ha gjeve oss ei så grundig innføring i ein moderne færøysk forfattarskap […]”
Knut Ødegård, Aftenposten