Mai 1960. Krigen har vorte fjern og kan nesten synast gløymd. Krigsrøynslene har vorte til ein bleik, taus understraum i livet til Dagny Vik. Men då Hermod Austo finn restane av eit lik inne i fjellet og kunstmålaren Bentein kjem til bygda, er krigens påtrengjande nærver der att _x0096_ fullt av løyndomar og uoppgjorde synder.
Med Fredens frosne hjarte avsluttar Ragnhild Kolden sin kritikarroste krigstrilogi om søstrene Vik. Første og andre band i serien heiter I krig og kjærleik og Krigens skugge.