Malin og veslesøstera Molla har flytta inn i eit gammalt trekkfullt hus, i ein by dei så vidt kjenner og utan pappa. Alt er annleis, men jula kjem vel uansett. Eller gjer ho det?
Onkel Thor seier at det er slett ikkje sikkert at det blir jul. Det kjem heilt an på engelen Gabriel og ei rekkje andre ting.
Kvifor landar det heile tida nye juletre utanfor huset til naboen? Og kva er det naboen gøymer der inne? Englane kan umogleg ordne alt åleine. Så Malin må trå til, saman med Molla, naboguten Henrik og fleire til.
God dag, herr Jul er ei vakker og moderne juleforteljing, fylt med varme og undring.