Ei oppdagingsferd inn i biologien i hendene dine.
Hendene dine er eit resultat av ei utvikling over milliardar av år. Biologen Åsmund Eikenes tek oss frå ursuppa og fram til hendene dine. Kvifor er hendene som dei er? Korleis fungerer dei, og korleis samtaler dei med hjernen? Korleis beskyttar huda oss mot farlege bakteriar og virus? Og kva om vi kuttar av oss ein fi nger, kan det i framtida vera mogleg å produsere ein ny i laboratoriet?
Åsmund Eikenes fortel i denne boka ei rekkje engasjerande historier om ny vitskap, medisinske gjennombrot og fascinerande oppdagingar, alt med utgangspunkt i hendene dine. Boka er ei oppdagingsferd i biologien, ei reise bakover i tid, innover i kroppen og framover mot neste vitskaplege gjennombrot.
Du får også bli kjend med dine eigne hender gjennom observasjonar og små eksperiment.