Rikt illustrert biografi om allsidig føregangskvinne.
«Hva ved de om mig alle disse som tror sig berettiget til at holde Tale for mig fordi jeg har danset lidt med nogen Ungdommer og især fordi jeg er Garborgs Kone? Ingenting.»
Hulda Garborg (1862-1934) tok oss på kornet i dagboka si. I denne rikt illustrerte biografien
fortel historikar og journalist Arnhild Skre også om alt det andre Hulda Garborg var: Populær dramatikar og ein produktiv omsetjar med stor eigen forfattarskap og omfattande journalistisk produksjon.
Ho var ungdomsidol og kosthalds- og livsstilsreformator. Dessutan husfl idsgründer, grunnleggjar av Det Norske Teatret og ein av dei mest vidreiste og samtidsorienterte
kulturarbeidarane landet har sett. Ikkje minst var ho ein utrøytteleg opposisjonell
som kunne skjelva for småting i unge år, men som i vaksen alder tolte den beinharde
norskdomskampen best av alle. Kanskje hadde ho for lite sjølvkritikk, og kanskje var
ho litt for glad i sterke menn?
Nært og usminka om Huldas krevjande samliv med Arne Garborg, ein av Noregs mest
framståande forfattarar.