Andre bok i spenningsserien om Stian og Stine
Stian oppsøkjer ei gammal, forfallen hytte i skogen, der det ein gong skjedde eit mord, som ikkje vart oppklart. Det er noko mystisk med hytta, og saman med Stine bestemmer Stian seg for å finne ut kva det er. Kven er mannen som ser ut til å bu der? Har han noko med drapet å gjere?
Stian og Stine er stesøsken som nettopp har blitt del av ein ny familie. Saman er dei gode til å løyse mysterium, men det er ikkje alltid like lett å skulle balansere detektivarbeid og kvardagsliv.
Hyttemysteriet er andre bok i ein engasjerande spenningsserie for dei yngre lesarane. Les òg Motorsykkelmysteriet!