Krig opp, krig ned og krig i mente.
Krig. Store krigar. Små krigar. Krig mellom land og folk. Krig mellom slektningar, ektefellar eller naboar. Personlege krigar, indre krig. Din krig og min krig. Krig opp, krig ned og krig i mente.
Diktaren og komikaren Jon Hjørnevik vil ta for seg krigen – berre mykje, mykje kortare enn all annan krigslitteratur. I si sjuande diktsamling er temaet det folk rundt han har måtta slite med og krige om. Han tek også for seg dei som gir f… og ikkje går i krigen.
Vel 50 dikt fordelte på vel 100 sider burde vere meir enn nok.