Vi møter ei ung kvinne som vegrar seg for nære relasjonar, ein familiefar som treffer ei framand kvinne på ein kyrkjegard, ein eldre mann som legg ut på den siste køyreturen sin, og i tittelnovella oppsøkjer hovudpersonen fortida for å kvitte seg med henne.
«ei svært vellukka bok, med grundig gjennomarbeidde tekstar som er skrivne med truverde og innleving og med konsekvent og musikalsk språk.» Odd W. Surén, Dag og Tid