Eit hovudverk i nyare skandinavisk romankunst.
«Eg skriv til dykk frå ei anna verd». Med desse orda opnar Andrzej Tichy sin mest ambisiøse roman hittil. Omgrepet kairos er, i antikkens tidsoppfatning, ein kriseaugneblink, eit kritisk punkt mellom to hendingar, i motsetnad til kronos, den lineære tida. Tichy utforskar kritiske punkt i historia til det 20. og 21. hundreåret. Romanen er ein kollasj av skjebnar, stemmer og bilete som går på tvers av den lineære tida; gjennom sitatmosaikk og skiftande forteljarspor undersøkjer han krisa og valden, opprøret og avmakta, håpet og fortvilinga, utopien og dystopien. I Kairos’ vev av stemmer og bilete gnissar både 1900-talet, samtida og framtida mot kvarandre: 30-talsdepresjonen, Peter Weiss’ møte med Karin Boye, Bernward Vesper og 68-rørsla, den arabiske våren og ein Jeanne d’Arcskikkelse som rører seg mellom ulike stader. Kairos er ein treffande sivilisasjonskritikk som verkar eksplosiv og utfordrande.