Kakerlakken er redd for å blø, redd for å dø. Men ho er òg redd for å leve.
Kvar finn ein lys og glede når hausten har gøymt sola og fargane?
I eit spenstig, humoristisk biletspråk fortel debutant og animatør Martine Grande den bittersøte historia om kakerlakken som får tunge vintertankar. Dette er ei bok det er lett å bli glad i.