– Kven har brukt å spele keeper?
Eg gapte. Korleis kunne han ikkje vite det? Alle i bygda veit at Lena står i mål på gutelaget. No steig ho inn i ringen, med keeperhanskane på og såg trassig opp på mannen i svart treningsdress.
– Eg.
– Berre du?
Ein ny fotballtrenar legg mørke skyer over keeperlivet til tolvåringen Lena Lid. I nabohuset spekulerer Trille på korleis han skal gjere inntrykk på den nye jenta i klassen. Og på havet jaktar farfar på storfisken, slik han alltid har gjort, utan å bry seg om at han begynner å bli gammal.
Dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene dette året, vennane i Knert-Mathilde. For kva skal ein gjere når ein vert einsam i båten, fanga i orkanar, herja med på trening og når ingen lenger bryr seg om det ein verkeleg kan?
Ein kan i alle fall ikkje gi seg på det! For som Lena Lid seier i pressa situasjonar: No må de søren kverke meg vakne, der framme!
Maria Parr (fødd 1981) har hatt stor suksess med bøkene Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. Begge romanane er omsett til over tjue ulike språk, vunne ei rekke prisar og blitt teater-framsyning på nokre av landets største hovudscener. Vaffelhjarte blei fjernsynsserie på NRK og har hatt internasjonal suksess. Keeperen og havet er eit frittståande framhald av Vaffelhjarte.