Visste du at silke er laga av ormespytt og fleece av resirkulert plast? Eller kor mange sauer ein treng for å få ull nok til eit sofapledd?
I denne boka får du vite mykje rart om noko så kvardagsleg som kva klede er laga av. Og det gjer du fordi Klara er ei jente som lurer på mykje rart!
Men når Klara fortel om alt det rare klede kan vere laga av, er det ingen på skulen som trur på henne. Då er det godt å ha ei storesyster som hjelper Klara i jakta på bevis …
Illustrert av Ella Okstad
Les også: Klara kan mykje rart om mat
Teresa Grøtan (f. 1974) er forfattar og journalist, og har i tillegg til bøkene om Klara skrive Globaliseringsboka.