Utgangspunktet for denne boka er den nye regionalpolitikken som pr?ver å sameine ovafrå-ned-politikk (omfordeling) med nedafrå-opp-politikk (innovasjon), og der forventninga er at regionar skal framstå som sjølvstendige politiske aktørar. I boka formidlar dei to forfattarane nasjonal og internasjonal forsking innafor regionalt plan- og utviklingsarbeid.
Forfattarane presenterer det formelle grunnlaget for regional planlegging og identifiserer kva som kjenneteiknar område med positiv regional utvikling. Dei drøftar korleis ulike planleggingsteoriar kan utfylle kvarandre og brukast som reiskap i dynamisk plan- og utviklingsarbeid. Til slutt formidlar dei erfaringar med dugnadsmetoden som reiskap i eit slikt arbeid.