Alderdomssjokket
Åsmund Bjørnstads dikt skildrar sjokket som ein dag tek oss alle. Utan større førebuing må vi tre ut av samfunnet, arbeidet og ansvaret vi som unge blei konfirmerte inn i. For dei fleste ligg alderdomen enno langt der framme, men minkinga er i gang. Med orda frå kong Lear: Vi må gå gjennom å gå bort, liksom å koma hit. Mognad er alt.
Dikta i Konfirmasjon til alderdommen er både humoristiske og kloke, og handlar om å tre inn mellom dei eldre, der det ikkje lenger er mogleg å gå i opptrødde spor.
Åsmund Bjørnstad (f. 1951) er professor i genetikk og planteforedling. Bjørnstad er busett på Ås.