Rå familiesaga frå Napoli. Delias mor blir funnen død, flytande i sjøen, berre ikledd raffinert undertøy. Delia reiser tilbake til heimbyen Napoli i gravferda. Her mottek ho ei rekkje anonyme telefonoppringingar, som saman med mystiske hendingar fører til at ho må rekonstruere dei siste dagane mora levde. For kvar nye oppdaging må Delia ta innover seg at mora ikkje var den personen ho har trudd.
Elena Ferrante er av The New York Times omtalt som «ein av dei største romanforfattarane i vår tid». Dei kraftfulle romanane har gripe lesarar over heile verda. Kvelande kjærleik er Ferrantes første roman, og allereie her tematiserer ho forholdet mellom mor og dotter, slik vi kjenner det frå Napoli-kvartetten.
Elena Ferrante har sidan 1992 gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Elena Ferrante er eit pseudonym. Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante.