Han ler enda meir.
Han stoppar opp i arbeidet. Han tek av seg vernebrillene og ler så eg blir mest redd.
– Det er ikkje farleg, seier han mellom latterhiksta.
Eg er ikkje overtydd.
Då bøyer han seg mot meg, og han kviskrar. Han har teke av seg vernehanskane òg no.
– Eg har ein plan, seier han, og augene hans ser rett inn i mine. Vi har begge lyseblå auge, og dei seier at vi liknar kvarandre.
– Sei det ikkje til nokon, seier han. – Du skal få vite meir i morgon.