Meisterverk frå nobelprisvinnaren
Ein mann køyrer av garde utan å vita kvar han skal. Han vekslar mellom å ta til høgre og til venstre og kjem til slutt inn på ein skogsveg med djupe hjulspor. Han stoppar ikkje før bilen står bom fast i ei tuve og kjem verken fram eller tilbake. Det byrjar å snø, vert mørkt og kaldt. I staden for å gå etter hjelp går mannen innover på ein stig i skogen. Han gjer det sjølv om det allereie har vorte så mørkt at han knapt ser noko mellom trea, og sjølv om han tenkjer det er toskeskap å gjera slikt.
«Særleg verre enn dette hadde eg vel aldri oppført meg, fyrst køyre bilen min fast og så gå inn i skogen for å finne hjelp, korleis kunne eg vel koma på tanken at det var hjelp å finne i skogen, i svarte skogen inne, for ein tanke, nei det vart aldeles feil å kalle det for ein tanke, det var meir eit påhitt, noko slikt, eitkvart eg berre hadde kome på. Tullete, var det. Reine toskeskapen. Dumskap. Rein og skir dumskap.»
Kvitleik er ein lysande roman om grensa mellom liv og død.
Våren 2023 gav Jon Fosse ut både forteljinga Kvitleik og teaterstykket I svarte skogen inne. Desse to tekstane er knytte til kvarandre, slik ulike tekstar i forfattarskapen til Fosse er. Fosse har gjennom heile forfattarskapen brukt same stoffet som prosa og dramatikk.