I forskinga om rikssamling og statsutvikling i Noreg har det lenge vore diskutert når nordmennene blei ein nasjon. Ytterpunkta i diskusjonen har på den eine sida vore dei som hevdar at nordmennene er ein gammal nasjon. Dei er blitt skulda for essensialisme. På den
andre sida står modernistane dei meiner den norske nasjonen meir eller mindre vart konstruert av historikargenerasjonane etter 1814. Men korleis såg så vikingtidas og mellomalderens menneske på samtidas nordmenn?
I denne boka utforskar Steinar Imsen kva førestillingar og omgrep som blei nytta om folk og landområde i skriftlege kjelder i denne perioden, og då ikkje berre i Noreg, men i alle landområde innanfor den norrøne verda.