Vi følgjer han gjennom eitt år og fleire land, saman med ei rekkje orkester, dirigentar og komponistar. Boka gir eit eineståande innsyn i Andsnes si barne- og ungdomstid, dei første møta hans med publikum, og lærarane som har hatt størst innverknad på kunstnaren som ung mann. Med musikkfagleg rettleiing får vi hjelp til å forstå kvifor denne 34-åringen av The New York Times blir omtalt som the most interesting pianist of his generation, samstundes som vi blir kjent med mennesket bak plateomslaga.
Astrid Kvalbein er musikkskribent og utøvande musikar frå Noregs Musikkhøgskole. Ho har m.a. gjennom fleire år meldt klassisk musikk i Verdens Gang.