Ei ny og sterk livsbejaing slåst om plassen med gammalmannsfilosofiane. Og som vanleg held diktaren dommedag over seg sjølv, med ironi og sjølvkritikk. Dette er ei ganske typisk Øglænd-samling, med andre ord. Ei plate med mørk kokesjokolade rute for rute med bittersøte dikt om alt forfattaren hatar å elske.
I dag klypte eg nokre grå hårstrå vekk
frå tinningen. Ansiktet mitt
er ikkje lenger ungt.
Men dei grøne trea gir både skugge og ly.
Eg likar å sjå mi kjære vatne blomane eg ikkje veit namnet på.
Håret mitt er ennå ikkje kvitt.
I eplehagane skal frukt falle ned til hausten,
og under utelampane skal myggen virre rundt som i ein rus.