Årboka Litteratur for barn og unge kjem med sin tredje årgang. Fylkesbibliotekssjefen i Rogaland, Leikny Haga Indergaard, slår i Forfatteren nr. 3-4 1999 fast at årboka har blitt “den viktigaste dokumentasjonen om forsking, formidling og kritikk av norsk barne- og ungdomslitteratur”.
Årboka litteratur for barn og unge kjem med sin tredje årgang. Fylkesbibliotekssjefen i Rogaland, Leikny Haga Indergaard, slår i Forfatteren nr. 3-4 1999 fast at årboka har blitt “den viktigaste dokumentasjonen om forsking, formidling og kritikk av norsk barne- og ungdomslitteratur”.
2000-årgangen set søkelyset på det kritiske miljøet for barne- og ungdomslitteraturen. Dagskritikken blir gått etter i saumane, og det blir presentert kritiske artiklar som tar for seg barnebokfeltet både generelt og meir spesielt å mellom anna går den danske litteraturforskaren Torben Weinreich gjennom 1998-årgangen av norsk barne- og ungdomslitteratur med vurderande blikk. I eit intervju med meldaren Ola By Rise i Adresseavisen går det fram at det innanfor den funksjonelle kritikken i dagsavisene kan gjerast noko meiningsfullt for barne- og ungdomslitteraturen. Ulik vinkling av kritikken finst i fire kritikarars vurdering av eitt og same verk, Stein Erik Lundes prisvinnarbok Eggg. Kommentarar frå forfattaren er også med.
Blant mykje anna har årboka LBU 2000 også eit intervju med forfattaren Rønnaug Kleiva og nyskrivne essay av Oskar Stein Bjørlykke, Sverre Knudsen og Sissel Lie. Elles skriv Einar Økland om ei til no ukjent bildebok frå siste verdskrigen, og ein forvitneleg artikkel greier ut om korleis kostskuleguten Jenkins blei den populære gutebokhelten Stompa. Som tidlegare utgåver har også den nye årboka eit vindauga mot utanverda å denne gongen er det Finland.
årboka litteratur for barn og unge har også nådd ut i Norden. Gunnar Jakobsen i Børne- og ungdomsbokmagasinet (nr. 1?2 1999) skriv: “det skal siges lige ud: det er en fremragende årbog, selv om den ikke opfattes som en “årbog”. Det er simpelthen en professionel bog om børnelitteraturens situasjon, og så har den alle årbogens ingredienser: statistikk, priser, oversigter osv.”