Korleis lese tekst og bilete? Årboka Litteratur for barn og unge er eit forum for kritikk, forsking og formidling. Tema for 2001-utgåva er litteraturpedagogikk og formidling av tekst og bilete for barn og unge. Bidragsytarane kjem frå Noreg, Danmark og Nederland.
“Problemet med den gode litteraturen er at den ikke bare forutsetter en god forfatter, men også en god leser”, seier den danske litteraturpedagogen Vibeke Hetmar i artikkelen om lesemåtar. Årboka inneheld elles artiklar med ulike innfallsvinklar på det litteraturpedagogiske feltet, av m.a. Dagrun Skjelbred, Åsfrid Hegdal, Asbjørn Kolberg og Nina Goga. Her er og eit intervju med illustratøren og forfattaren Svein Nyhus, og Einar Økland har laga eit stort essayistisk portrett av forfattaren Zinken Hopp.
Årboka har alltid eit vindauga mot utlandet, og denne gongen er det Nederland.
Boka gir oversyn over sentrale faglege arrangement og over viktige institusjonar i norsk og nordisk barnelitteraturforsking. Den inneheld statistikkar, prisar, bibliografiar og viktige adresser og nettadresser.
Årboka Litteratur for barn og unge er ei nyttig handbok for lærarar, studentar, bibliotekarar, kulturarbeidarar, litteraturskribentar og forfattarar, og for alle andre som arbeider med og interesserer seg for barne- og ungdomslitteratur.
Årboka kjem ut på Det Norske Samlaget i samarbeid med Norsk barnebokinstitutt.