LBU 2002 inviterer til ein refleksjon omkring formidling av den gode nyare barne- og ungdomslitteraturen og om barnelitteraturen som kunstform. LBU er ei handbok for alle som arbeider med og interesserer seg for barne- og ungdomslitteratur. Den inneheld mellom anna aktuelle artiklar om barne- og ungdomslitteratur.
I årets utgåve diskuterer ein mellom anna om “Bør eller kan barnelitteraturen vere kunst?” Nei, svarer forfattaren og kritikaren Inger Åstenstad og grunngir og utdjupar svaret sitt. Tormod Haugens forfattarskap blir analysert i to artiklar, og ein artikkel tar for seg formidlinga av nokre av dei nyare bøkene hans i Mexico. Dessutan blir Jon Fosse presentert som barnebokforfattar i eit langt intervju, medan Harry Potter blir presentert av sin norske omsetjar Torstein Bugge Håverstad.
Blant mykje anna går dessutan Einar Økland tilbake i tid i sin “nekrolog” over ein smal sjanger, malebøkene, medan Jørgen Gaare og Øyvind Sjaastad les filosofi ut av evig aktuelle Astrid Lindgrens forfatterskap.