Nye og gamle klassikarar er liv laga!Denne utgåva av Årboka Litteratur for barn og unge markerer to sentrale forfattarjubileum: I 2007 var det 100 år sidan Rasmus Løland døydde og Astrid Lindgren blei fødd. Årboka presenterer nye perspektiv på begge forfattarskapane. I tillegg tek årboka for seg nye tendensar på barne-og ungdomslitteraturfeltet, og set dessutan bildeboka i fokus.
• Harald Bache-Wiig kjem med nye perspektiv på Rasmus Lølands historier for barn, Lena Kåreland ser Astrid Lindgrens forfattarskap i lys av modernistiske retningar som dadaismen og surrealismen.
• Fleire artiklar handlar om kjønnsroller i den nye barne- og ungdomslitteraturen. Svein Slettan skriv om heltefigurane hos Ambjørnsen, medan Silje Hernæs Linhart analyserer litterære kjønnsoverskridingar som eksistensiell strategi. Nina Méd spør kven som er arvtakarane etter Pippi og Nancy Drew.
• Årets forfattarportrett er av Einar Økland – Årbokas faste spaltist gjennom 10 år og ein av dei aller fremste fornyarane i norsk barnelitteratur gjennom meir enn 30 år – i dikt, prosa og bildebøker.
• I bildeboksjangeren kjem nye impulsar frå datateknologi og teikneseriar. Her blir særleg den premierte Stian Hole trekt fram; både med eige essay om arbeidet sitt og gjennom ein analyse av Monica G. Mitchell. Bjørn Ousland skriv òg essay om illustratørens tenkjemåte. Fleire artiklar presenterer høgdepunkt og nye tendensar på bildebokfeltet.
Redaktørar:
Per Olav Kaldestad har skrive ei rekkje barne- og vaksenbøker. Han har i mange år arbeidd som norsklærar i lærarhøgskolen.
Karin Beate Vold har lang erfaring med forsking og formidling av barne- og ungdomslitteratur. Ho er direktør for Norsk barnebokinstitutt (NBI).