Lam er offiser i ein invasjonsstyrke. Jobben hans er å reinske ut dei siste lommene av motstand i det invaderte landet. Konfrontert med krigens råskap blir han stadig meir desillusjonert, og i eit anfall av moralsk indignasjon gjer han seg skuldig i eit alvorleg krigsbrotverk. Som straff blir han og mennene hans sendt ut på eit oppdrag djupt inne bak fiendens liner. Når ein ung gut kryssar vegen til soldatane, tar historia ei ny vending, og Lam får igjen ei sak å kjempe for.
Ein roman om kampen for å finne meining i eit tilsynelatande meiningslaust tilvære.