Målet med voggevisene er å roa barnet ned og hjelpa det til å sova. Vi roser, smigrar, skjenner og trugar. Samstundes uttrykker vi oss sjølv med synginga vi drøymer, fantaserer, klagar og frydar oss. Ved å følgja dei ulike tema frå land til land, over kulturelle og geografiske grenser, viser forfattaren oss at voggesongane verda rundt er fascinerande like.
Stilen i boka er essayistisk og tonen personleg. Samstundes bygger forfattaren på litteraturvitskapleg, folkloristisk og psykologisk kunnskap om emnet.
Eit utval av songane er presenterte med notar og besifring.