Tredje bok i sjarmerande småbarnsserie
I den tredje boka om Mari og Magnus får dei oppfylt ein stor draum: Dei får ein kattunge! Tippi er den finaste pusen i verda, og dei lover å passe godt på ho. Men så ein dag – gløymer dei å lukke døra når dei går ut for å leike med Jonas!
Den enkle historia rommar store kjensler og dramatikk, og ender heldigvis godt. Ei bok som vil sjarmere og engasjere små lesarar!
Småbarnsserien om Mari og Magnus er enkle historier med gjenkjennelege tema og illustrasjonar kjenneteiknar serien, som vender seg til aldersgruppa 3 – 6 år.
Les også: Mari og Magnus flyttar inn, Mari og Magnus og smokketjuven og Mari og Magnus hos bestemor.