Han går i Nygårdsparken for å samle seg, men det er vanskeleg. Minna demrar om Malik og den ulovlege flyttebusinessen, Eira og dei svartkledde ungjentene, drapet i Øystese, dansen rundt Fantoft stavkyrkje, Trine sambuaren som gjorde det slutt etter elleve år, marerittet på Kreta, transmogrifiseringa av Liv Pedersen. Det er då dei kjem.
Måsane sirklar over han igjen. Skrika er verre enn nokon gong. Kvifor plagar dei han slik, kvifor blir han aldri kvitt dei?