Melancholia I–II er eit hovudverk i nyare norsk og europeisk litteratur og handlar om kunstnaren Lars Hertervig (1830–1902), målaren av lyset.
Vi følgjer han ein haustdag i Düsseldorf i 1853, den dagen han blir kasta ut frå hybelen sin fordi han har forelska seg i dottera i huset. Vi møter han igjen julaftan 1856, den dagen Hertervig rømmer frå Gaustad etter å ha vore innlagd i to år. I Melancholia I–II er vi i Stavanger i 1902. Hovudpersonen er ei fiktiv søster til Lars Hertervig, Oline. Lars er død, men gjennom det skrøpelege minnet hennar opplever vi episodar frå livet hans.