Nomade er ein roadroman om eksistensens vegar og omvegar.
I eit anfall av meiningsløyse seier ein mann opp jobben og kjøper ein bil. Han stiller navigasjonsapparatet på sørleg retning og lèt seg dirigere mot tilfeldige mål. Ved å halde seg i stadig rørsle prøvar han å fri seg frå kvardagslivets fangarmar. Men når den nomadiske livsstilen blir utfordra av stadbundne freistingar melder spørsmålet seg: Kor lenge er det mogleg å flykte?
Nomade er full av presise observasjonar, absurde hendingar og slåande refleksjonar.
Erlend Flornes Skaret (f. 1976) debuterte i 2011 med romanen Wroc.aw., og følgde opp med Lucida i 2013. Hans tredje roman, Nomade, kom i 2016.