Årboka består som vanleg av artiklar som oppsummerer det litterære fjoråret og litteraturvitskaplege artiklar om likt og ulikt. I årets utgåve skriv Nora Simonhjell, Kristoffer Juul-Larsen og Trond Haugen høvesvis om poesi-, prosa- og kritikkåret. Lars Handesten skriv om Kim Leine som vann Nordisk råds litteraturpris for romanen
Profeterne i Evighedsfjorden.
Elles kan ein finne artiklar om biletbøker, om litteraturen og litteraturfaget, om vitneskildringar, om ishavslitteratur og om forfattarar som Henrik Wergeland, Olav Aukrust, Dag Solstad, Helle Helle og Karl Ove Knausgård.