Reglane du treng for å skrive på papir og skjerm
Dette er boka du må ha for å lære deg vanlege norske skrivereglar. Her finn du blant anna reglane for komma og anna teiknsetjing, du får råd om stor og liten bokstav, bindestrek og tankestrek og vanlege forkortingar. I tillegg får du hjelp til tekstar på nett, til dømes oppskrift
på e-brev og elektronisk signatur, tips om korleis ein lagar hypertekst, råd om nettsider, oppsett for vitskapleg publisering og hjelp til korleis gå frå manus til trykt tekst.
Boka finst både på nynorsk og bokmål. Dette er den nynorske utgåva.