Det finst mange mytar om nynorsken i dagens offentlege debatt, samstundes som det er publisert lite forsking som underbyggjer eller avsannar desse. Det vil denne antologien prøve å bøte på med å gje plass til ny forsking på feltet. Artikkelforfattarane tek kvar på sitt vis opp tema som har mykje å seie for nynorskbrukaren: språkleg identitet, opplæring og språkpolitikk, språkplanlegging og normering internt og samanlikna med andre språksamfunn.
Tekstane bidreg til å skape betre forståing for kva stilling nynorsk har i Noreg, og kvifor.