Ny bok i den kritikarroste dystopiserien “Søsteranarkistane”.
“Over” startar der “Under” slutta. Men denne gongen er ikkje Ela og småsøstrene under bakken. Dei er på eit skip. Det regnar, og dei kan ikkje sjå land. Og ingen veit kor dei er på veg.
Ela har endeleg funne igjen veslesøster Sika. Om bord på skipet styrer den vakre og mystiske Lamia. Men kven er ho, eigentleg?
Med “Under”, første bok i trilogien “Søster- anarkistane”, skreiv forfattarparet Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag fram ei dystopisk og fengslande forteljing om opprøraren Ela. Universet er språkleg oppfinnsamt med innslag av både kinesisk og svensk. I “Over” får vi vite korleis det går vidare med Ela og dei andre i kampen mot diktatoren Ingmor.