Per Sivle døydde på tragisk vis, 47 år gammal, 6. september 1904. Hovden skreiv då denne korte livssoga om sin beste ven. Boka kom ut første gong i 1905, og har seinare kome i fleire opplag og utgåver.
Det er ei soge om eit dramatisk diktarliv med tidleg, alvorleg sjukdom, men også ei soge om gode stunder med mange triumfar. I dikt og prosa har Sivle skapt noko av det beste og mest folkekjære i norsk litteratur.
Anders Hovden gav ut i alt 40 bøker. I ei vurdering av forfattarskapen har Halvdan Koht skrive: “En særstilling indtager hans varmtfølte Livsskildring Per Sivle”.