Då Jon Fosse 2011 flytte inn i Grotten hadde han ikkje lese meir av Henrik Wergeland enn litteraturintesserte nordmenn flest. Han gjekk
i gang med å lesa meir både om og av den tidlegare Grotte-buaren. Fosse vart imponert over kor uhorveleg mykje Wergeland hadde skrive og feste seg særleg ved lyrikken hans.
Fosse las og noterte sitat og anna i margen attmed dikta til Wergeland. Desse notata er utgangspunktet for denne samlinga. Jon Fosse har skrive eigne dikt ut frå det han har teke med seg frå Wergelands lyrikk. Dette er skrift over skrift. Det er noko frå Wergeland i alle dikta som her er samla, hulter til bulter, frå fleire dikt i eitt dikt, mykje i eit dikt, lite eller nesten ingenting i eit anna.
Jon Fosse (f. 1959) voks opp i Strandebarm. Han bur no i Statens æresbustad for fortente kunstnarar, Grotten i Oslo. Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1983 med romanen Raudt, svart, og har seinare skrive over tretti skodespel, mellom anna Nokon kjem til å komme, Draum om hausten og Eg er vinden. Forutan romanar og dramatikk har Fosse skrive dikt, essay, kortprosa og barnebøker. Han har motteke ei rekkje prestisjetunge prisar og blir rekna som ein av våre største og viktigaste samtidsforfattarar.