Oftedal Andersens nærlesing har resultert i ein forfriskande original gjennomgang av tema, biletbruk og stildrag i lyrikken til ein av våre mest sæmerkte og folkekjær diktarar.
Oftedal Andersen er fød i 1969, og er ein av våre yngre litteraturforskarar. Han ser ikkje på Hauge som ein samtidsforfattar, men set både poeten og hans samtid inn i eit idehistorisk perspektiv. Hauges mange sterke og klare enkeltdikt blir likevel gåtefulle når Andersen nærles dei og ser dei i kontrasterande innbyrdes spenn.