I arbeidet med å løyse, redusere og førebygge sosiale problem er sosialt arbeid retta mot både individ og samfunn. Profesjonen sitt samfunnsmandat omfattar både hjelp og kontroll. Dette gjer at kvardagen til sosialarbeidarar ofte inneber etiske problemstillingar og vanskelege val. Nokre val er vi fornøgde med, men andre ville vi kanskje gjort annleis om vi hadde fått høve til å tenke oss om. Denne boka handlar om korleis sosialarbeidarar kan finne fram til best mogleg handlingsval når situasjonar blir vanskelege og tvilen melder seg – slik at folk får hjelp og innbyggarane får tillit til profesjonen.
Første del av boka gjer greie for profesjonsetikk generelt, for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkemåtar. Her blir også metodar og framgangsmåtar for etisk refleksjon presenterte. Andre del av boka tar for seg profesjonsetiske tema for sosialarbeidarar spesielt. Her blir forholdet mellom profesjonsetikken til sosialt arbeid, juss og politikk drøfta, og spennet mellom det beste for brukaren og oppdraget frå samfunnet blir analysert. Boka presenterer fleire aktuelle situasjonar frå praksis og viser korleis ein kan arbeide med etisk refleksjon for å komme fram til gode handlingsval i desse situasjonane.
Ingri-Hanne Brænne Bennwik er sosionom og førsteamanuensis ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Bennwik har praksiserfaring frå psykisk helsearbeid, sosialtenesta og fagrørsla og har jobba med undervising, forsking og organisasjonsarbeid nasjonalt og internasjonalt. Ho disputerte i 2023 med avhandlinga Bridges and Barriers: Support in the Transition to Adulthood for Disabled Young People Leaving Care.
Turid Misje er sosionom og førsteamanuensis ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Misje har praksiserfaring frå sosialt arbeid på prostitusjonsfeltet og internasjonalt sosialt arbeid. Ho har særleg arbeidd med fagfeltet sosialt arbeid og migrasjon og disputerte i 2023 med avhandlinga Social Work(ers) and Homeless EU Migrants: Welfare Bordering in Norway.
Einar Aadland er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han er tilknytt mastergradsprogrammet i «Verdibasert ledelse» og har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.