Samlepakke med Norsk Litterær Årbok frå 2017, 2018 og 2019
Ordinærpris pr bok er 329,–. No får du dei tre utgåvene til berre 299,–.
Norsk litterær årbok er ein årleg litteraturvitskapleg antologi
I 2019-utgåva undersøkjer Eivind Tjønneland korleis den sjølvframstillande tendensen og skjønnlitterære framstillingsteknikkar pregar sakprosaen som vart skriven i 2018. Korleis skjer med sakprosaen når forfattarane har skjønnlitterære ambisjonar? Lyrikkåret blir sett under lupa, og det same blir vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, den islandske forfattaren Audur Ava Olafsdottirs roman Arr. Jan Inge Sørbøs storverk Nynorsk litteraturhistorie (2018) blir drøfta som litteraturhistorisk verk.
I 2018-utgåva set vi kritisk søkjelys på lyrikkåret, novelleåret og kritikkåret 2017. Vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, Kirsten Thorups Erindringer om kærligheden, blir lesen som ei bru til heile forfattarskapen.
I 2017-utgåve skriv den danske lyrikkforskaren Louise Mønster om det norske lyrikkåret 2016. Frode Helmich Pedersen presenterer ei kritisk kartlegging av røyndomslitteraturen og den norske debatten kring den, medan Carina Franzén løftar fram nyansane i forfattarskapen til vinnaren av Nordisk Råds litteraturpris, Katarina Frostenson.