Sex, musikk og vold er ei skildring av ei ung, sårbar kvinne si omsynslause ferd gjennom helvete. Skildringa er sterk og overtydande og gir innblikk i eit ungt sinn som er vikla inn i destruktive og nedbrytande handlingsmønster.
Beatrice er rotlaus, einsam, seksuell utprøvande og eteforstyrra. Og ho hatar. Mest av alt hatar ho seg sjølv. Dette unge mennesket ber på ei destruktiv kraft. Til no har svart humor og eit skarpt og avslørande blikk på både seg sjølv og verda redda ho frå undergang. Beatrice flyg inn i ein tilstand der grenser blir stadig meir perifere. Ei verd ho kan halde ut. Ei verd der ho kan flyga frå skulda, frå seg sjølv. Ei verd av sex, musikk og vold.