Øystein Løk har skrive ei ny forteljing om dei to sjuåringane Siggen og Josephine, og boka kjem ut på Det Norske Samlaget. Denne gongen er dei to vennene på tur til Sørlandet, til besteforeldra av Josephine. Der får dei vere med på torskefiske og krabbefangst og mangt anna som ein ikkje får oppleve i innlandet. Men Josephine er visst meir oppteken av venninnene sine enn av Siggen, og så har ho så mange ville og ikkje heilt ufarlege påfunn! Og det skortar ikkje på dramatikk heime, heller. Hunden Rasken er ute for ei ulykke, og då er det ikkje lett for Siggen å reise.
Som den førre er også denne boka fint illustrert av Turi Frantze Lauenborg. Boka er lett å lese og passar både til høgtlesing og sjølvlesing – for dei som har lært seg kunsten.