I fembandsverket, Dagbok 1924-1994, vrimlar det med sentensar, ordtak, sitat og fyndord.
Hauge forma sjølv hundrevis av eigne aforismar, og boka presenterer eit mindre utval, både av dei lengre og av dei stutte.
Den som tømer skåli, får sjå rosa i botnen.Moten skifter med folk og tider. Den gode smak aldri. Lagnaden gjer mange til heltar.Veikt er det strået som stend åleine.Alt kan ein greida seg utan, berre ikkje umtanke.Elsk, so vert di likbåre ljuv som ei vogge!Skogen stend, men han skiftar sine tre.Kvinnfolki er livet – men og døden.Kva ser ei pil? Målet.Ros er ein giftig drykk.Det finst berre ein medisin for hjarta – gråt.Alle er profetar når dei ser attende.Nokre plager lyt ein ha, elles er ein ikkje frisk